Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i nyare engelsk poesi. Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenween i Fife. Han debuterte med Some Particulars utgitt av The Jargon Society i 1971 og har gitt ut fleire diktbøker og ei rekkje små dikthefte og kort med dikt. Clark har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjonar tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet. Bl.a. har han vist slike verk i Camden Arts Centre i London, Musee d´Arte Moderne i Paris, Centro Culturale de Belem i Lisboa og på Cotswold Way i Gloucestershire. Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark. Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i England, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst. Dikta til Clark står i den radikale romantiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt. Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen. Vidare spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet. Dette er særs aktuell økologisk dikting som i gjendiktinga til Per Olav Kaldestad vert særs gode dikt på norsk.

 

Kr 100,- 

Legg igjen en kommentar