Eddy van Vliet blei fødd i 1942 og debuterte i 1964 med diktsamlinga Het lied van ik (Egets song), men dei mest lesne og kjente samlingane hans blei publiserte i løpet av åtti – og nittitalet. Han gav ut tretten samlingar medan han levde, og praktiserte fram til han døydde også som advokat i den flamsktalande delen av Belgia. Han døydde av hjernesvulst i 2002. Då han var barn forlet far hans familien og kom aldri tilbake, og i bok etter bok kjem fråveret av faren tilbake som tema. I dikta er kjærleiken ikkje enkel og sviket er alltid muleg. Han blei kritisert for å vere eindimensjonal og sjølvbiografisk. «Eg ergrar meg grenselaust over det despotiske slik må du skrive elles er du ikkje poet, eg kallar det poesiens taliban,» responderte Eddy van Vliet. Dikta hans grip tak og er meddelsame. Lesaren er på like fot.

Gjendiktinga og det informative etterordet er resultat av eit særs vellukka samarbeid mellom Tyra Tronstad og Finn øglænd.

Kr 100,-

Legg igjen en kommentar