Per Olav Kaldestad skriv i etterordet til denne framifrå gjendiktinga si: “I denne boka blir me førde gjennom eit landskap med skog og vatn, og dei små stoppa, eller forseinkingane, er det sentrale. Strofene liknar både haiku og stev. Dei er på same tida lette og kompakte, som meisla i luft. Det har vore både ei stor utfordring og ei stor glede å prøva å framkalla dei på norsk. (-) Ved kvart stopp set diktaren ord på ei intens oppleving og gjer den minneverdig. Ein gåtur i skogen blir framkalt sanseleg og nært, og på ein slik måte at vandringa òg blir eit bilde på eit livsløp.¨ (Sjå elles presentasjonen av diktaren i omtalen av boka I den klare lufta.)

 

Utsolgt

Legg igjen en kommentar