Barry MacSweeney (1948-2000) er ein av dei viktigaste diktarane i engelsk poesi etter 1970. Han blei fødd i Newcastle i Northumberland og var både i livet sitt og diktinga si knytt til denne delen av Storbritannia. Han var ein leiande figur i ein generasjon som stod for fornying i poesien og synte stor vitalitet, breidde og variasjon.

MacSweeney arbeidde i ein tradisjon som var knytt til natur og historie i det lokale miljøet og samtidig retta blikket ut. I diktinga si førte han vidare den revolusjonære romantikken med bakgrunn i William Blake og Percy Bysshe Shelley og var inspirert av både fransk symbolisme og moderne russisk poesi. Dette er første gongen eit utval av dikta til Barry MacSweeney blir presentert på norsk, framifrå gjendikta av Per Olav Kaldestad og Oskar Stein Bjørlykke. Disse dikta er frå ulike periodar i forfattarskapen hans med størst vekt på det siste tiåret han levde. Det er kjærleiken som er hovudtema her: Korleis går det eigentleg med Adam og Eva utanfor paradiset?

 

Kr 200,-

Legg igjen en kommentar