Om denne boka skriv Einar Økland: «Eg tykkjer denne barneboka er konsekvent og gjennomført både når det gjeld tematikk og stil. Heile boka dreiar seg om å vere still og roleg og leggje merke til dei nære dyra, plantene, årstidsvekslingane ikring seg – og å tenne gleda og undringa over det som er her og som føregår heile tida, men som mange ikkje legg merke til eller bryr seg om. Og språket og språkføringa er like roleg og stillferdig som emnet tilseier. (-) …denne enkle og stillferdige tilnærmingsmåten, er gjennomført med kunstnarleg formsans og vilje. Truleg ut frå ei økopolitisk grunnhaldning: Forfattaren vil ikkje forstyrre dei naturelementa han ønskjer skal vere i fred med høge tilrop i form av litterære fakter. Han vil heller ikkje posere som meister i å vere knapp. Han vil berre antyde, berre vise, berre dele sansen for dei løynde innslaga i nærmiljøet. Eg tykkjer altså dette er vakkert og vellykka. Seriøst og gjennomført, men ikkje agiterande, forkynnande, trugande, påståeleg el. l. Slik kunne eg halde fram. Boka er omsett i eit fast og upåfallande norsk tonelag. (-) Det kunne også seiast mykje fint om den fellesskapen eller samværskjensla mellom vaksen og barn som er til stades i diksjonen her i boka. Boka kan truleg både lokke barnet til å bli med ein vaksen ut i skogen og til å sitje saman med den vaksne og lese tekstene inne i huset. Og så kan boka lesast av vaksne i einslege stunder.»

 

Kr 250,-

Legg igjen en kommentar