I eddadiktet Skirnes ferd vert det fortalt om korleis Frøy får auga på den ovfagre jotunkvinna Gerd og sender tenaren sin Skirne for å fri til henne på Frøys hest og med Frøys sverd. Når tilbod og freistnader ikkje fører fram, grip Skirne til trugsmål om vald, runegalder og hånande ord om lagnaden hennar. Ho gjev til slutt etter og forlet heimen sin (jotunheimen) og blir med til Åsgard. I Blodhest ser Gerður Kristný forteljinga frå Gerds perspektiv. Ho ser tilbake på korleis ho vart nedverdiga og utsett for vald. Dei ordknappe dikta minner om dei norrøne i form og klang. Dei er vakkert og presist gjendikta av Knut Ødegård som nyleg òg har laga ei ny norsk tolking av Skirnes ferd i sitt trebandsverk med og om eddadikta. Gerður Kristný (Guðjónsdóttir), f. 1970, vert rekna blant dei fremste i den nye islandske litteraturen og har fått fleire prisar, den gjevaste så langt er Den islandske litteraturprisen som ho mottok for Blodhest (Blóðhófnir).  Boka vart òg innstilt til Nordisk råds litteraturpris.

 

[wpecpp name=»Blodøks» price=»200 » align=»left»]