Orkenøyanes store poet George Mackay Brown (1921-1996) viser fram eit tvers gjennom barskt og krevjande øysamfunn med eit mylder av mennesketypar som slåst mot ulike krefter frå dag til dag for å overleve, for å tvinge fisken opp frå eit stormfullt Atlanterhav eller hauste den grøda som jorda er villig til å gi. Livet på øyane er framstilt nærast som anti-idyllisk, men med eit kjærleiksfullt blikk frå poeten, som sjølv opplevde stor fattigdom i oppveksten. Ofte kan også ironiske og humoristiske undertonar sildre mellom strofene, det gir breidde og perspektiv til dikta. Gjendiktinga til Jostein Sæbøe ivaretar magien i originalen. Dette utvalet er det første på norsk.

 

Kr 200,-

Legg igjen en kommentar