I etterordet til dette breide utvalet skriv diktaren og gjendiktaren Knut Ødegaard: Gyrðir Elíasson er ein av dei få som skapar av di han må. Diktet, og dei poetiske prosabøkene hans, er så tydeleg skapte i eit livsnaudsynleg forsvar mot destruktive krefter. Difor vert poesien òg så viktig del av lesarens overlevingsstrategi.  Det har vore ei stor glede å fylgja Oskar Vistdals kongeniale gjendiktingar av Gyrðirs bøker til norsk. Når han no har teke på seg å gjendikta dette store utvalet av dikt frå 1983 til 2012, er det å rekna for ei storhending i det litterære Noreg. Gyrðir Elíasson fekk Nordisk råds litteraturpris i 2011 for novellesamlinga Milli trjánna  (Mellom trærne, utgitt av Bokvennen og omsett av Oskar Vistdal).

 

Kr 200,-

Legg igjen en kommentar