Dette er den andre boka av Gerður Kristný som forlaget gir ut (sjå elles Blodhest). Og Dråpa er noko så uvanleg som ei mordgåte i dikts form. I eit kvartal i Reykjavik vert ei ung kvinne, det sårbare “duet” i tekstane, drepen. Og når dette skjer, vert byen endra til ein by “for vargar og sorg”. Forvirringa som oppstår når vonde krefter er på ferde, får lesaren kjenne gjennom skildringa av snøkav, mørker og vatn som stig og nærast druknar byen. Dertil kjem fantasifulle, klårt teikna bilete som får oss til å forstå det som skjer. Dikta balanserer på stram line mellom forvirring og forståing, noko som gjer draps- gåta særs alvorleg og oppskakande. Dette er ei tospråkleg utgåve vakkert illustrert av Ina Otzko.

 

Kr 200,-

Legg igjen en kommentar